Page 1 of 1

NPF, HKK Kystkultursamling

PostPosted: 12 Jul 2012, 20:45
by Eld
Image
31. august til 2. september arrangerer Herøy Kajakklubb og NPF padlesamling på idylliske Herøya i Herøy Kommune. Herøy Gard og Herøy Kystmuseum danner bakteppet for ei padlesamling der kystkultur vil vere ein gjennomgåande raud tråd.

Under samlinga vil det vere høve til å ta kurs i Våttkortstigen og å delta på turar med ulik vanskegrad. Laurdagskvelden legg vi opp til felles middag, med ei delikatesse frå havet! Endeleg program vil bli lagt ut på klubben sine heimesider så snart det ligg klart.

Aktuelle lenker:
http://www.heroykystmuseum.no/#cid=21
http://www.vaattkort.no/Event/Dicipline/3
Arrangør:
Herøy Kajakk Klubb (Klubb)
Kontakt:
Christer: christer@heroykajakk.com, 481 54 477
Mer informasjon:
http://www.heroykajakk.com/

Re: NPF, HKK Kystkultursamling

PostPosted: 17 Jul 2012, 15:20
by Eld
Litt oppdatering:

På Kursfronten vil vi kunne sette opp:
Grunnkurs
Teknikkurs
Aktivitetsleiarkurs

Påmelding til desse kursa vil kome på http://www.vaattkort.no/Event/Dicipline/3 litt etter kvart

foruten kurs vil det bli satt opp turar som vil passe dei fleste. På desse turan vil HKK stille med aktivitetsleiarar som viser veg i vårt fantastiske padlemekka.

Meir info vil dukke opp så fylg med...

Re: NPF, HKK Kystkultursamling

PostPosted: 23 Jul 2012, 12:46
by Eld
Då får vi også Ung kurs på samlinga!

Grunnkurs og teknikkurs ung vel og merke. På melding til desse vil kome på http://www.vaattkort.no/Event/Dicipline/3 om inkje so brått.

Re: NPF, HKK Kystkultursamling

PostPosted: 16 Aug 2012, 17:55
by Mille
VIKTIG MELDING!!!

Festmiddag!
Laurdag kveld under Kystkultursamlinga, disker kokkane våre opp med eit festmåltid frå havet. På menyen står det kvalkjøtgryte med heimelaga potetmos og tyttebær, etterfulgt av kake og kaffi.

Pris: 200,- pr. person
Påmelding seinast 26.08.2012
Følg linken for påmelding

Re: NPF, HKK Kystkultursamling

PostPosted: 03 Sep 2012, 10:00
by Kokk