Materiell:
Gråpapir
Seilduk 410 g/m2
Rest av gamalt liggeunderlag
15 mm nylon webbing
3-4 mm fletta snor
Tekstillim
Utstyr:
Symaskin
Saks
Strykejern
Nål og seilmakarhanske, eller anna kraftig syutstyr
Eg har sydd segl til 3 små tradisjonelle båtar (færing, åttæring og vengbåt). Trikset med strykejern og tekstillim har eg lært i den samanheng. Det gjer arbeidet utruleg mykje lettare og eliminerar bruken av knappenåler og tråkling. Om limen ikkje tåler vatn gjer ingen ting. Det er saumen som skal halda.
1. Lag ein mal av gråpapir med storleik som den ferdige ryggstøtta skal ha
2. Klypp til kjerne av liggeunderlag eit par cm mindre enn malen
3. Klypp til frontstykket eit par cm større enn malen
4. Klypp til ryggstykket etter malen

Frå venstre: Mal, frontstykke m/kjerne oppå, bakstykke
5. Lim kjerne til front- og bakstykke m/tekstillim

Delene limt saman
6. Stryk bakstykket rundt kjernen.

Bakstykke strøke rundt kjernen.
7. Sy saman bak- og frontstykke med saum så nær kjerne som råd.

Bak og frontstykke sydd saman med 1. saum
8. Brett 1 cm av frontstykket mot bakstykket. Stryk bretten.
9. Brett frontstykket over bakstykket. Stryk bretten og sy rundt gjennom alle laga.
Her skulle det ha vore eit bilete.... Vitsen er at ein får ein dobbel brett som gøymer dei lause trådane i kanten på både front og ryggstykke.
10. Lag hemper av webbing. Svi dei i endane slik at dei ikkje flussar seg opp. Sy på hempene. Alle laga med seglduk og webbing er no så tjukt at om ein ikkje har ei kraftig seglmakarmaskin så må ein sy for hand med seglmakarnål og -hanske.
11. Lag snorer i høveleg lengde. Svi dei i enden.

Ferdig ryggstø m/hemper og snorer.

Tre snora slik og knyt ein båtmannsknop over hempe/snor.

Treing av snor rundt spant. Knyt båtmannsknop over snora.

Ryggstøtta på plass i kajakken.
Har seinare funne ut at sidesnorene oppe bør treast på utsida av dekkslistene, ikkje ein på kvar side som på bilete.
Ein testtur på 15 km synde at komforten vart betydeleg betre. Eg synest og at eg fekk betre "kontakt" med kajakken.
Sitjeposisjonen kjem eit par centimeter lenger fram, noko som kan vera problematisk om ein har ein trang kajakk i utgangspunktet.
Ryggstøtta er sjølvsagt i vegen ved pakking akter. Den treng ikkje demonterast heilt. Det er nok å løysa dei tre snorene i overkant. Det kan og henda at ryggstøet står fint om ein kuttar ut den midterste snora.
Eg meinar at dette er ei god løysing med den fordelen at ein ikkje treng skruer eller modifisering av kajakken på annan måte.
Ei lita åtvaring til slutt: Sying av seglduk røyner på symaskinen. Det er ikkje sikkert at fruen vert begeistra når du brukar hennar nye Pfaff super SS rally GT digital symaskin til dette føremålet....