Åra er laminert med epoxy av kjempetuja (western red cedar) og ask.
Vitale mål:
Lengde: 2220 mm
Lom: 555 mm, 28x35 mm
Bredde åreblad: 82 mm
Vekt behandla: 1110 g
Ikkje av dei lettaste, men 400 gram lettare enn den gamle laminerte åra mi (viewtopic.php?f=6&t=154&p=1288&hilit=marlinman#p1288) merkast. Konstruksjonen er og meir solid, denne er bombesikker. I tillegg så "gjer den godt i auga".



Ferdig behandla, "metta" med rå linolje/terpentin.

Frå venstre: Mal til sveiping av åreegg, gamal laminert åre og emner. Nedanfrå: Kjerne i kjempetuja, ferdig svødd åreegg og lom (2 stk.).
Egga er laga i 6 mm rettvaksen ask, steama og sveipa rundt malen. Etter at den var tørka og forma sett seg vart den kløyvd slik at ein fekk to like egger.

Egga laminert til kjernen.

Høvla til jamn tjukne.

Lom laminert til kjernen.

Sponproduksjon.