
Men på ein av mange regnværsdagar i sommar (i følge offisielle målingar var det 4 dagar utan regn i Juli og 4 i August) skreid eg til verket. Det er vist eit par i Cunningham si bok "Building the Greenland Kayak". Dei er berre surra til kajakken. Litt testing viser at det ikkje held. Det skal ingen ting til før kjølen kjem ut av lage. Eg løyste dette ved å setja inn "endestoppar" framom og bakom kjølen. Desse held kjølen på plass i lengderetningen. Når ein surra med tau gjennom kjølen så skulle det heller ingen ting til før kjølen vippa tverrskips. Her sette eg inn ein kjettingstubb med 3 ledd. Dette låser tverrskips.
Etter eit par testturar kan eg slå fast at kajakken no er like retningsstabil som panserskipet Norge. Kjølen med surringar bremsar nok litt på farten, men kreftene ein sparar ved å lett halda rett kurs gjer det verd det. I trange farvatn tek eg kjølen av, kajakken vert for tung å manøvrera med den på. Om ein padlar åleine så krev det at ein må til lands og ut av kajakken, men litt lyt ein lida for skjønnheten..

Endestopp i ask festa med to messingskruer og Tech7

Feste for surring.

Surra fast i aktre dekksline. Ein får det stramt ved å slå fleire halvstikk rundt begge partane. Det er sett inn 4 mm askepinnar limt med epoxy tverrskips på både endestopparane og kjølen for å hindra at det klovnar