Kjøl til dukbåt

Forumet for de nevenyttige
Bygger du eller modifiserer du egen kajakk? Gjør du reparasjonene dine selv? Eller har du gode ideer eller spesielle prosjekter på gang?
Del gjerne dine erfaringer her inne

Kjøl til dukbåt

Postby Marlinman » 18 Sep 2016, 20:23

Sjølv om grønlandskajakken min har ein liten "innebygd" kjøl er den noko logjerrig (for å sei det mildt). Det tar på å halda rett kurs i sidevind. Til no har eg bite tenna saman og blitt god på styretak, kanting og styretak med forlenga åre. Løysinga er sjølvsagt å setja på ein kjøl, men det har ikkje blitt..

Image

Men på ein av mange regnværsdagar i sommar (i følge offisielle målingar var det 4 dagar utan regn i Juli og 4 i August) skreid eg til verket. Det er vist eit par i Cunningham si bok "Building the Greenland Kayak". Dei er berre surra til kajakken. Litt testing viser at det ikkje held. Det skal ingen ting til før kjølen kjem ut av lage. Eg løyste dette ved å setja inn "endestoppar" framom og bakom kjølen. Desse held kjølen på plass i lengderetningen. Når ein surra med tau gjennom kjølen så skulle det heller ingen ting til før kjølen vippa tverrskips. Her sette eg inn ein kjettingstubb med 3 ledd. Dette låser tverrskips.

Etter eit par testturar kan eg slå fast at kajakken no er like retningsstabil som panserskipet Norge. Kjølen med surringar bremsar nok litt på farten, men kreftene ein sparar ved å lett halda rett kurs gjer det verd det. I trange farvatn tek eg kjølen av, kajakken vert for tung å manøvrera med den på. Om ein padlar åleine så krev det at ein må til lands og ut av kajakken, men litt lyt ein lida for skjønnheten..

Image
Endestopp i ask festa med to messingskruer og Tech7

Image
Feste for surring.

Image
Surra fast i aktre dekksline. Ein får det stramt ved å slå fleire halvstikk rundt begge partane. Det er sett inn 4 mm askepinnar limt med epoxy tverrskips på både endestopparane og kjølen for å hindra at det klovnar
Marlinman
 
Posts: 35
Joined: 02 Nov 2009, 12:25
Location: Hordaland

Return to Gjør det selv

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 1 guest