Finnes tørrdrakt med innebygget redningvest ?

Re: Finnes tørrdrakt med innebygget redningvest ?

Postby havhest » 03 Jan 2010, 22:14

Det går an å bruke sufehette i staden for tuiliq for å unngå vatn i øyra i lag med tørrdrakta.

Elles har eg stor sans for tuiliq. Har berre prøvd ein gong, og opplevde då at det var lettare å røre seg under vatnet. Det vart også mykje mindre vassmotstand sidan tuiliqen er glattare og sit tettare inntil kroppen. Rullene gjekk mykje lettare. Skal få tak i ein slik når grønlandsbåten kjem i hus..

Og veldig einig med deg når det gjeld bassengrullene. Viktig å trene i alle forhold og tempetraturar.

Eit spm (Rabies): Korleis er Reed- tuiliqen når det gjeld tettinga rundt ansiktet?

(Eg ser jo at Brooksen kan strammast skikkeleg.. :lol: )
NDK Explorer, Goltziana Marlin, Zegul Greenland LC, Lendal Kinetic Touring 220, Klassisk grønlandsåre 220, Aleut tur- åre 225 cm og Storm- åre 190 cm (Kajakkspesialisten A/S)

http://www.askvollpadleklubb.origo.no

http://odinsinpadleblogg.blogspot.com/
User avatar
havhest
 
Posts: 1020
Joined: 09 Oct 2009, 17:13
Location: Askvoll i Sogn og Fj.

Re: Finnes tørrdrakt med innebygget redningvest ?

Postby Rabies » 04 Jan 2010, 07:39

havhest wrote:Eit spm (Rabies): Korleis er Reed- tuiliqen når det gjeld tettinga rundt ansiktet?

(Eg ser jo at Brooksen kan strammast skikkeleg.. :lol: )


Reed syr sine tuilikar på mål. Du leverer inn eit skjema over kroppsmåla dine når du sender inn tinginga. Spruttrekket blir sydd etter cockpitstorleik (du gjev opp båttmodell, evt. mål på "manneholet").
Dvs at rundt handledda har tuiliken ein slags mansjettar.
Rundt ansiktet er det ei stramming med lås, som funkar godt.

Brooks har meir stadardisering av sine tuilikar, dvs at dei har standard storleikar (S,M,L,XL). Dessutan er det to storleikar for cockpit (standard=liten cockpit; custom=stor cockpit).
Rundt handledda er det stramming med reim/borrelås.
Rundt ansiktet er det også på Brooks-tuiliken reim, men inga låsing. Her måtte eg tilpasse kor stramt eg ville ha det og knyte (mao ei ferdiginnstilling for meg).

Erfaringar:
Brooks-tuiliken er tettare rundt handledda enn Reed (dvs heilt tett). Hos Reed kjem det inn litt vatn har når eg ligg og rullar.
Dette har eg løyst (Reed) ved at eg brukar "Open palm mitts" frå Crewsaver, som har straming over handledda - då blir det tett. (Dette er elles det beste eg nokon gong har hatt på hendene - funkar også vinterstid her i Vesterålen, får ta det i ein annan tråd). Desse kan brettast opp når eg ikkkje treng dei på hendene.

Rundt ansiktet er derimot Reed sin tuilik tettare enn Brooks sin. Den stramminga eg hadde på biletet var berre på "skøy" før eg knytte knuten - så stramt vil det ikkje tette godt. Det kan vere at eg ikkje har fått til den ideelle stramminga enno (det er første sesongen eg har Broooks), eller det kan vere fordi stoffet er tjukkare - faktum er i alle fall at eg til no ikkje har fått Brooks-tuiliken like tett rundt halsen som Reed. Reed er tilnærma heilt tett. Med Brooks kjem det litt, men ikkje mykje vatn inn (nok til at eg blir fuktig/våt på ullskjorta når eg ligg og rullar). Men likevel - eg har aldri opplevd å fryse i Brooks, sjølv etter rulling vinterstid.
Med Reed er temperaturkomforten avhengig av kva du har under. Eg har brukt eitt-to-tre lag med ulllundertøy avhengig av temperaturforhold og aktivitetar.

Konklusjon:
Begge tuilikane er gode, men dei har sine område der dei begge er "best".
Brooks er varmare vinterstid. Dersom eg greier å få han heilt tett rundt ansiktet, er det den beste vintertuiliken. Til padling vinterstid kan eg ikkkje tenke meg meir komfortabelt plagg.
Reed er meir "allround", dvs. at han er brukande alle årstider. Sommarstid kan eg bruke han med minimalt/ingenting under. Brooks er for varm dei fleste sommardagar.
(I min del av landet er skilnaden i vasstemperatur relativt liten mellom sommar og vinter).

Håper desse erfaringane/synspunkta er til hjelp ;)

Mvh.
Asle-Håvard
Rabies
 
Posts: 15
Joined: 31 Dec 2009, 19:44
Location: Sortland, Vesterålen

Previous

Return to Hav-/Turpadling

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 16 guests