Lage laminert Grønlandsåre

Lage laminert Grønlandsåre

Postby Marlinman » 02 Nov 2009, 23:03

Fant ein "back-up" av posten min frå padleforbundet sitt forum, kanskje det er noko av interesse så eg legg den ut på nytt.

Som fersk kajakkeigar med tilgang til ein rimeleg bra utrusta snikkarverkstad fann eg ut at det kunne vera moro å prøva å laga si eiga åre. Etter litt søking på nettet fann eg det som ser ut til å vera ”standardverket” for å laga grønlandsåre tilpassa eigne mål: Chuck Holst sin "Making a West Greenland Paddle." Dene kan lastast ned her som pdf: http://www.qajaqusa.org/QK/makegreen2.pdf. I tillegg fann eg denne forumtråden med mange gode bilete, men utan nærare skildring av framgangsmåten. http://www.escapekajakcenter.nu/forum/viewtopic.php?t=398

Framgangsmåten for utforming av åra går klårt fram i Holst sin artikkel så eg tenkte eg kunne ta for meg korleis eg laga laminatet.

Holst tek utgangspunkt i ein massiv 2x4 og det er sjølvsagt eit greitt utgangspunkt for ei åre. Så kvifor laminere eit emne? Det som ein ser med ein gang er at eit laminat av to treslag med litt skilnad i farge og struktur gjev ei åre med meir liv i treverket og vert ”finare”. Med eit laminat så kan ein og kombinera gode eigenskapar til ulike treslag slik at åra vert både lett og solid. Ein kan laga lom og åreblad i eit lett treslag og tupp og egg på åreblad forsterkast med eit hardare treslag. Laminerar ein inn eit seigt treslag i kjernen på åra vert den ekstra solid. Ei laminert åre vil og vera meir stabil i høve til bøying og vridning som følgje av spenningar i trevirket.

Val av treslag
Eg har nytta furu som hovudmateriale med ask som forsterking.

Furu
Furu er forholdsvis lett (eigenvekt på 490) og er lett å arbeida med. Svakheita til furu er at den er mjuk (hardleik 2,5) og får snart hakk og bulkar. Til seinare den har vakse (tette årringar) til betre er eigenskapane. Til bruk som åre er ”geita” (yteved) best eigna sidan den er seigare enn ”al” (kjerneved). Kjerneveden er sjølvimpregnert og meir haldbar enn yteveden, men for ei åre har dette mindre å seia.

Ask
Ask er hardt (hardleik 6,8) og seigt, men noko tyngre (eigenvekt på 650) enn furu. I motsetnad til bartre så er asken sine eigenskapar betre til snarare den har vakse (store årringar). Beste asken er den som har vokse på tidlegare gjødsla beite eller innmark. Denne er rettvaksen og har grøn og glatt bork. No er eg på vei over i skogbrukslæra, men ask er eit fantastisk treslag. Om du bygger tradisjonell kajakk så er ask glimrande til list rundt cockpiten. Rettvaksen seig askelist kan etter steaming formast til nesten kva som helst. Yteveden til ask er ljos medan kjerneveden er mørkare. For asken sin del er og yteveden seigast. Den er og som oftast lettare å bearbeida. Kjerneveden er fult brukbar og den mørke fargen vil stå i fin kontrast til ljost furumaterial i eit laminat.

Dei som vil vita meir om eigenskapane til ulikt virke av lauvtre kan lasta ned ein oversikt her: www.trefokus.no/fokus18_lauvtrevirkets_egenskaper_H5-N-.pdf.file

Generelle eigenskapar
Virket må vera rettvakse og tilnærma kvistfritt. Små kvistar kan aksepterast. Studer emnet nøye med den ferdig åra for auge slik at eventuelle kvistar vert så få som mogelege i sluttproduktet. Det er sjølvsagt at virket er turt!

Alternativ
Tettvaksen gran vil kunna erstatta furu og eik kan vera eit alternativ til ask. Når det gjeld eik så er det berre alveden (kjerneved) som duger. Geite av eik er simpel material.

Eksotisk alternativ
Lenger ned i tråden er Western Red Cedar (WRC) nevnt. Etter litt googling fann eg ut at Moelven importerar WRC. Eg kontakta vidare den lokale trelastpusharen og etter 2 timar (!) ringde han attende og sa at dei kunne skaffa WRC i 2x8" til 259 kr. / m innkl. MVA.

Korleis få tak i trevirke
Eg er i den heldige situasjon at eg berre kan ta ein tur i materialstabelen på låven og finna både furu og ask. Både bestefar og far har hatt innstillinga at det er verre å vera utan snikkarmaterialar enn å vera utan mat! Lokale sagmeistrar veit om dette og skjer 2” plank til snikkarmaterial når dei får ein veleigna stokk på sagebenken. Når vi kjem over fin ask på ”vedaskog” endar den og opp på saga for skjering til plank.

Ein kan neppe ta seg ein tur på Byggmakker og finna eigna virke. Muligens kan ein finna ein OK furuplank, men ask vert nok verre. Spesialforretningar som sel virke til snikkarbruk vil kunna levera det som skal til. Når ein fyrst handlar så kjøp ein heil plank. Er ein litt aktiv i snikkarbua så er det alltid noko å bruka resten til, eller kanskje du kjem til å laga fleire årar? Ein treng ei lengde på om lag 2,5 meter. Sjå etter 2” (48 mm er vel standarden) plank som er skoren i heile stokken si bredde (ukanta). Planken skal vera så rett (”flat”) som mogeleg. Vridd plank er berre eigna til emne for dei som skal laga propell…

Retning på veden
Holst skildrar dette på side 3. Ved laminering er det ekstremt viktig at veden har same retning i dei stykka ein laminerar saman. Det er umulig å få til ein fin finish når ein skal høvla eit laminat der veden går kvar sin veg i laminatdelene. For å unngå dette tek ein ein ”høvleprøve” før liming av laminatet: Høvl i begge retningar på emnet og merk med ei pil den retninga som ikkje ”luggar”. Når ein limer så skal alle pilene peika i same retning! Tett og rettvaksen ved kan av og til vera like fin i begge retningar, men som oftast er det lett å kjenna. Asken kan vera litt lunefull her. Ein kan koma over stykke der veden går eine vegen på eine enden av planken og andre vegen på den andre.

Image
Her er døme på motved i furu

Lim
Eg har nytta Cascol Polyuretan D4 (1809) lim. Dette er eit vannfast lim som herdar i kontakt med fukt. Ein smør lim på eine flata og dusjar den med vatn frå ei sprayflaske før ein set delene i press. Det skummar lim ut frå fugene og er egentleg nokså grisete å bala med. Fuktig lim kan fjernast med aceton. Herda lim må fjernast mekanisk.

Eit anna alternativ kan vera Cascol Marin (3308) dette er ein tokomponents lim, den er og i klasse D4 og kva fordeler den har i høve til Cascol Polyuretan veit eg ikkje.

Det tredje alternativet er sjølvsagt epoxy. Fordelen med epoxy er at den gjev full styrke i limfuga sjølv om tilpassing og press ikkje er 100%. Bakdelen er at den er dyr.

Med kurs for snikkarbua
Då skulle teorien vera forklara og det er berre å setja kurs for snikkarbua. For min del er nok ”bu” å ta litt lite i, verkstad er vel meir i nærleiken. Eg kjem derfor til å skildra framgangsmåten med det utstyr og verktøy eg har tilgjenge til. Prinsippa er dei same, men med mindre maskinelt utstyr vil det gå med meir albogefett. Det er uansett viktig at alt skjerande verktøy er så kvast som det er råd å få det. Du skal kunna barbera håret av underarmen med høveltanna!
Image

Maskinar og verktøy eg nytta:
Gjerdesag (stor snikkarsag) til kapping og kløyving
Image

Avrettar til avretting / planing
Image

Tykkelseshøvel til å høvla ned til rett tjukne
Image

Stasjonær fres m/stål for fresing av not
Image

Elu gjerdesag, suveren til fine rette kutt
Image

Bandsag til saging av åra
Image


Tømmermannsblyant
Meterstokk / måleband
Vinkel
2m rettholdt
1m stållinjal
8 – 10 stk. tvinger
Høvlar
Image
Høvlane til venstre vert lokalt kalla "boksjeis høvel". Kva dei eigentleg heiter veit eg ikkje, men dei er suverene til å forma boga og kromma treverk med.

Ein må og ha ein skikkeleg arbeidsbenk. Ein tradisjonell høvelbenk er det beste, men ein stødig arbeidsbenk med mogelegheit for oppspenning av arbeidsstykket, enten med skrustikke eller tvinge vil og fungera. Hugs mellomlegg av tre når ein nyttar tvinger eller skrustikke med stålkjeftar. Benken må vera så tung, eller festa, slik at den står i ro når ein tek i med høvelen.
Image

Arbeid så nøyaktig som du klarar: Alle rette vinklar skal vera rette, alle beine liner skal vera beine! Sjølvsagt kanskje, men kontroller ofte med vinkel og rettholdt! Brukar du lim og ikkje epoxy må tilpasning av limfugene vera 99,9% sidan limen ikkje har fyllande eigenskapar.

Vi skal laga:
1) 1 stk askemne til kjerne, hxb = 48 x 12 mm, lengd = L + 50 mm
2) 2 stk. askeemner til tuppar, hxb = 48 x 75 mm, lengd 300 mm, deles i to like deler
3) 2 stk. fjør til tuppar, hxb = 6 x 75 mm, lengd 20 mm (til not 6 x 10 mm)
4) 1 stk. furuemne til lom og blad, hxb = 48 x 75 mm, lengd l = L – (2 x Lt)
5) 4 stk askemner til forsterking av bladegg, hxb = 48 x 12 mm, lengd = lengd av blad + 50 mm

Image

2) og 4) lagast i eitt stykke som kløyvest.
Måla på hxb er ferdige mål, høvla og retta. Emnet skjerest til med overmål.
Måla bruka her vil vera nok til ei åre med vel 90 mm breie åreblad.

Då set vi i gang:
Eg tok diverre ikkje bilete under prosessen, men bileta her http://www.escapekajakcenter.nu/forum/viewtopic.php?t=398 saman med mine skisser bør gjera eit ein får ”det mentalt klare biletet”

Furu til lom og blad:
Image
Merk opp og skjer ut eitt 80 mm breitt stykke av 2” furuplanken i full lengde (2,5 m).
Rett av og høvl den slik at ein står att med eit emne som er snorbeint i lengderetninga og om lag 75 x 48 mm i firkant, sidene i nøyaktig rett vinkel. Ta ”høvleprøve” og merk av retninga på veden. Kapp til rett lengd: Før ein kan gjera dette må ein bestemma seg for ferdig lengd på åra og kor lange åretuppane skal vera. Om vi kallar lengda på åra for L og lengda på ferdig tupp for Lt så vert lengda på furuemnet: L – (2 x Lt). Eit utgangspunkt kan vera at Lt er lik bredda på årebladet W. Teikn opp og sjå kva du tykkjer vert finast.

Ask til tupp på åreblad:
Merk opp og skjer ut eitt 80 mm breitt og 300 mm langt stykke av askeplanken. Rett av og høvl til den har same dimensjon som furuplanken. Ta ”høvleprøve” og merk av retninga på veden. Kapp den i to like lange deler (ein til kvar tupp) pass på at begge delene er merka med retninga på veden.

Fresing av not (spor) for montering av tupp.
Fres eit 6 mm høgt og 10 mm djupt spor nøyaktig i senter i begge endar på furuemnet. Fres på same måten spor i eine enden av kvar av asketuppane. Pass på at det vert i den enden som gjer at veden går same veg i både ask og furu når emna vert limt saman.

Fjør til montering av tupp
Høvl til eit askestykke som er så tjukt (6 mm +) at det må brukast litt kraft for å få det til å entra i nota. Kapp til slik at lengda vert 2x djupna på nota og bredda litt breiare enn furuemnet (l x b = 20 x 80 mm).

Image

Askelister til kjerne og eggforsterking
Merk opp og skjer ut eitt 70 mm breitt stykke av 2” askeplanken i full lengde (2,5 m).
Rett av og høvl den slik at ein står att med eit emne som er snorbeint i lengderetninga og om lag 65 x 48 mm i firkant, sidene i nøyaktig rett vinkel. Kløyv så dette emnet til tre lister med tjukne på 14 – 15 mm. Høvl dei ned til 12 mm. Ta ”høvleprøve” og merk av retninga på veden. Den eine av desse listene vert kjerne i laminatet i full lengd. Dei andre kappast til lengda av årebladet + 50 mm og skal laminerast på bladegga

Lime på tuppane
Sjekk at tilpassinga mellom furuemnet og asketuppane med fjøra på plass er OK og at veden i ask og furu går same veg. Smør på lim etter anvisning på limflaska og set i press. Gjer dette i begge endar.


Kløyving av furuemnet
Når limet på tuppane er herda så skal emnet kløyvast. Merk opp midtlinja slik at ein har overettmerke når ein skal lima laminatet saman att. Merk opp senterlinja og kløyv etter den. Kuttflatene må høvlast rette.

Laminering
Legg det kløyvde furuemnet opp med askekjernen i midten. Sjekk at pilene som syner retninga av veden går same veg. Sjekk at limfugene er heilt plane. Lim etter anvisningane på flaska. Før ein set press på så sjekk at overettmerket på furuemnet stemmer.

Ferdiggjering av laminatet
Når limet har herda må emnet høvlast og rettast slik at alle flater er plane og i vinkel. Laminatet kan og kappast til ferdig lengde L. NB Hugs at du må kappa i begge endar og måler ut frå midtlinja på emnet (midt mellom limfugene på tuppane).

Teikning av flasken (wide face) på laminatet.
Image
Følg instruksjonane til Holst, men hopp til trinn 3 ”Mark wide faces and cut”. Merk opp åra med mål på ferdig åre. På årebladet merker ei så opp kuttlinja innanfor ferdig åre, altså bredda på forsterkinga. Denne vert 12 mm på tuppen og kan smalnast inn til om lag det halve ved overgangen til lomen. Skjer ut emnet etter den innerste streken.

Laminering av forsterking av åreegga
Høvl kanten som skal bli egga på bladet rett og i vinkel. Legg på askelistene og sjekk limfuga. Hugs retninga på veden. Når alt stemmer smør ein på lim og set i press. Ein limer forsterkinga på begge eggane samstundes.

Når limen er herda står det berre att å finjustera laminatet slik at det er plant og jamntjukt i heile lengda. Vidare er det berre å følgja oppskrifta til Holst.

Image

Eit lite tips til slutt: Set av alle mål med utgangspunkt i senterlinja på åra. På flasken (wide face) er dette enkelt sidan ein tydeleg ser kjernen av ask i laminatet. På kortsida (narrow face) merker ein opp senterlinja, frå tupp til tupp og set av måla frå den. På denne måten er det lettare å unngå ”slyng” i åra.

Grovforma åreblad:
Image
Legg merke til at forsterkningane på åreegga smalnar av inn mot lomen.

Detalj overgang lom / blad
Image

Detalj tupp:
Image
Legg merke til at eg har vore litt unøyaktig med lamineringa. Tuppen er skubba litt til høgre under kjernen

Tidsbruk
Dette er egentleg uinteressant sidan kosefaktoren er skyhøg og det er er mørkt, kaldt og vått ute.
Åra mi er no ferdig og tidsbruken er vel omlag som følgjer:
Kveld 1: Funne fram eigna material, skore ut, retta og høvla. Frest not og limt på tuppar. 4 timar.
Kveld 2: Kløyvt furuemnet og plana. Laminert inn kjerne. 1 time.
Kveld 3: Merka opp åra og skar ut, retta åreeggane, laminert på forsterkingar. 4 timar
Kveld 4: Merka opp åra og skar ut, høvla kuttflatene. 3 timar.
Kveld 5: Merka opp for forming av åra, høvla til. 4 timar.
Kveld 6: Avrunding og grovpuss, avslutta med vassbeising. 3 timar
Kveld 7: Finpuss. 1 time.
Etter prøvetur: Overflatebehandling. 2 - 3 timar.

Tilsaman omlag 23 timar.

Evaluering:
Åra er ferdig pussa og klar for prøvetur.
Strategiske mål slik den er no:
Lengde (L): 2195 mm
Bredde åreblad (W): 82 mm
Lom: 28 x 41 mm, lengd (S): 560 mm
Lengde åreblad: (L-S)/2 = 818 mm
Vekt: 1560 g

Eg er fornøgd med åra slik den ser ut no, men vekta var litt for høg i høve til årane til Kajakkspesialisten. Åra deira i gran veg 850g og laminert gran/eik veg 1000g. I høve til årane i WRC omtala lenger nede i tråden vert mi åre reine spettet.

Eg får sjå etter prøvetur om eg kjem til å redusera tjukna på lomen litt.

Om eg skal lage ei åre til over same leisten kjem eg til å redusera tjukna på askekjernen til 8 mm i staden for 12 mm. Asketuppane som er 90 mm kan nok halverast. I tillegg kjem eg til å vurdera epoxy som lim.

Dette har vore eit kjekt prosjekt og timane i snikkarbua har gått snart. Faktisk så kjekt at eg har funne ut at sidan madammen og har kajakk så bør ho ha seg ei lett og fin åre. Ein 2x8 i western red cedar er derfor bestilt...

No er det berre å venta på "godt og tjenligt veir" slik at åra kan prøvast.


Credits:
Chuck Holst
"Robban" på escapekajakcenter.nu/forum
Norsk Treteknisk institutt

Edit:
11.01.09 - Lagt inn bilete
12.01.09 - Lagt inn skisser
14.01.09 - Lagt inn info om WRC
15.01.09 - Lagt inn evaluering
Marlinman
 
Posts: 35
Joined: 02 Nov 2009, 12:25
Location: Hordaland

Re: Lage laminert Grønlandsåre

Postby havhest » 02 Nov 2009, 23:16

Flott Marlinmann! Kjekt å sjå at vi kan byggje opp ein god base her og! :D
NDK Explorer, Goltziana Marlin, Zegul Greenland LC, Lendal Kinetic Touring 220, Klassisk grønlandsåre 220, Aleut tur- åre 225 cm og Storm- åre 190 cm (Kajakkspesialisten A/S)

http://www.askvollpadleklubb.origo.no

http://odinsinpadleblogg.blogspot.com/
User avatar
havhest
 
Posts: 1020
Joined: 09 Oct 2009, 17:13
Location: Askvoll i Sogn og Fj.

Re: Lage laminert Grønlandsåre

Postby Kvase » 02 Nov 2009, 23:22

Lagde en pdf fil av innlegget ditt Marlinman
fo nedlasting her forenkler mye for mange håper det er greit. :ugeek:
Dyslektiker
Valley Aquanaut st + Shoreline orginal = Atlantic LV + Perspectiv elvekajakk
Nordkapp LV glasfiber + PH Hammer

http://www.kajakknett.no/ + http://turliv.no/kajakklenker.html
http://youtu.be/YoB8t0B4jx4
https://www.youtube.com/watch?v=XOwl-bMfIkc
User avatar
Kvase
 
Posts: 4350
Joined: 11 Oct 2009, 20:34
Location: Arendal

Re: Lage laminert Grønlandsåre

Postby Kvase » 02 Nov 2009, 23:29

Dyslektiker
Valley Aquanaut st + Shoreline orginal = Atlantic LV + Perspectiv elvekajakk
Nordkapp LV glasfiber + PH Hammer

http://www.kajakknett.no/ + http://turliv.no/kajakklenker.html
http://youtu.be/YoB8t0B4jx4
https://www.youtube.com/watch?v=XOwl-bMfIkc
User avatar
Kvase
 
Posts: 4350
Joined: 11 Oct 2009, 20:34
Location: Arendal

Re: Lage laminert Grønlandsåre

Postby Ringperm » 03 Nov 2009, 07:21

En fantastisk post Marlinmann.
Jeg med alle mine tommeltotter kommer aldri til å lage meg en grønlandsåre, men det var virkelig interessant å se hvordan dere nevenyttige klarer å skape noe slikt :)
Ceterum censeo Carthaginem esse delendam
User avatar
Ringperm
 
Posts: 946
Joined: 09 Oct 2009, 11:16
Location: Stavanger

Re: Lage laminert Grønlandsåre

Postby Sven K » 03 Nov 2009, 12:57

knallbra!!
P&H Baidarka Explorer.
(wilderness Tempest 170rm)
ivalu
king island
User avatar
Sven K
 
Posts: 5824
Joined: 10 Oct 2009, 12:02

Re: Lage laminert Grønlandsåre

Postby ragnar33 » 26 Jan 2010, 02:47

Høvlane til venstre vert lokalt kalla "boksjeis høvel". Kva dei eigentleg heiter veit eg ikkje, men dei er suverene til å forma boga og kromma treverk med.


Har alltid lurt på om det ikke er en forvrengning av det engleske navnet, som er "spokeshave".

Det er flere eksempler på denne slags "fonetiske" oversettelse.
Jeg har hørt folk bruke "pleiertang" om det som på engelsk kalles "adjustable pliers".

Ragnar
ragnar33
 
Posts: 146
Joined: 29 Oct 2009, 23:09

Re: Lage laminert Grønlandsåre

Postby ragnar33 » 27 Jan 2010, 01:34

Jeg tror det vanligste norske navnet er "skavhøvel"

Ragnar
ragnar33
 
Posts: 146
Joined: 29 Oct 2009, 23:09

Re: Lage laminert Grønlandsåre

Postby Kvase » 27 Jan 2010, 02:02

ragnar33 wrote:Jeg tror det vanligste norske navnet er "skavhøvel"

Ragnar

Fusehøvel eller skavhøvel blir brukt begge navna alt etter som hvor du er i landet + en hel bråte med lokale navn sjargonger sånn er det i tre faget
Dyslektiker
Valley Aquanaut st + Shoreline orginal = Atlantic LV + Perspectiv elvekajakk
Nordkapp LV glasfiber + PH Hammer

http://www.kajakknett.no/ + http://turliv.no/kajakklenker.html
http://youtu.be/YoB8t0B4jx4
https://www.youtube.com/watch?v=XOwl-bMfIkc
User avatar
Kvase
 
Posts: 4350
Joined: 11 Oct 2009, 20:34
Location: Arendal

Re: Lage laminert Grønlandsåre

Postby onsing » 28 Jan 2010, 09:27

Så at den ble på 1560g. Jeg lager mine i gran og de blir under 1 kg. Jeg lakkerer ikke, men bruker linolje på dem et par ganger i året. Jeg lager dem også av et stykke, ikke laminert. Har kanskje litt å si for vekta. Åra di ser jo fin ut da og er nok mer solid enn mine.
Tahe greenland, hvit m grønlandsåre, SOF Sørgrønlandstype.
onsing
 
Posts: 31
Joined: 12 Jan 2010, 11:53
Location: Fredrikstad

Next

Return to Grønlandspadling

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 1 guest