Eg er ein fersk padlar, som har blitt frelst på rulling. Førebels kan eg berre nokon få, men er overtygd om at rulling skal brukast mykje tid på.
Tid vert brukt på lesing, youtube, videosnuttar, øving, og så bortetter.
Men en ting undrar meg. I vårt språkrike land. Kvifor har me ikkje sett opp eigne norske oversetjingar eller navn på dei ulike øvingane.
Nokon har me oversetjinger på, men slett ikkje alle
Eg har gjort nokon spørsmål eg håper andre kan late seg engasjere av.
1. Må det heite rulling? Snurre er eit fint synonym tykkjer eg. Men det går vel for det same?
2. Korleis skulle en gripe ordkløyvinga an? Skal en oversette dei engelske namna, eller dei grønlandske? Eg ser at dei grønlandske har ei anna form, og ei meir direkte tyding.
Nokon eksempel fins allereie, men her er mine første forslag. (Stundom direkte oversett frå Engelsk; men ikkje støtt)
Slett ikkje alle er med her, men det er så langt eg har komt. Heilt stø på rettskriving er eg heller ikkje, så kom gjerne med kommentarar og innspel.

Bokmålsbrukarane vert ikkje diskriminert her. Eg er eigentleg bokmålsbrukar, men som opphaveleg Ørsting, så kan eg ikkje noko for det. Eg synes berre at nynorsk let betre til denne bruken.
1. Kvild (Synes det passer å skrive om side sculling sidan eg ikkje synes oversetjinga eg kjenner som sculling -å ro- passer her. I tillegg er det vel skreve at øvelsen kan ha vore nytta som avslapning)
2. Chest Sculling.Slit med denne... Magekvild?
3. Standard Greenland Roll. Alminneleg grønlandsrulle ( og alm.på vrangsida) evt. -snurre.
4. Rolling with paddle held in crook of elbow. Albogekroksnurre.
5. Storm roll. Den er vel gitt.

6. Reverse Sweep Roll. Attovervendt grønlandsnurr.
7. Spine Roll. Ryggsøylesnurre?
8. Paddle held behind back. Snurre med kjeppen bak ryggen?
9. Standard roll with paddle held behind neck. Snurre med kjeppen bak nakken?
10. Reverse sweep roll with paddle behind neck
11. Armpit rollaka Shotgun roll. Eg har alltid sett på dette som ein haglesnurre.
12. Vertical sculling roll ?
13. Sculling roll with paddle held horizontally on the foredeck ?
14. Sculling roll with paddle held horizontally on Isserfik (deck beam at your back) ?
15. Rolling with the arms crossed.
16. Sculling roll with paddle held under the kayak.
17. Quick succession of storm rolls Snøgge stormruller/snurre
18. Quick succession of standard rolls. Snøgge aminnelege snurrer?
19. Roll with hunting float
20. Butterfly roll. Sommarfuglsnurre. (evt -rulle)
21. Norsaq roll. Attovervendt Kastekjeppsnurre?
Håper dette er noko folket her inne har interesse av å debattere.

mvh
stingrayV